Siste nytt Les fleire nyheiter
her.
Alt klart til laurdag!
9.juni 2022
Nibbevegen har no vore open i eit par veker, snørasa på Rv 63 ved krysset på Strynefjellet er rydda og alt er no klart for Geiranger frå fjord til fjell på laurdag.
Det er ikkje satt opp busstransport ned att for deltakarane i Nibberittet, så desse må sykle tilbake etter målgang på Dalsnibba. Pakk derfor med deg godt med klede (+varme hanskar) i sekken som du sender med bagasjebussen til topps (avgang rett før start).
Vermeldinga for laurdag tilseier 15-18 °C i startområdet og 3-4 °C på Dalsnibba. Sol og lettskya, litt vind frå sør oppover i høgda (motvind mot Djupvasshytta), med mulighet for ein liten regndusj undervegs.
Vi trur uansett at dette bli bra! Du kan
melde deg på og betale via nettsida heilt fram til start.

Vegen til Langvatn er opna, Nibbevegen opnar snart.
27.mai 2022
På onsdag denne veka opna vegen frå Geiranger til Langvatn, som går vidare til Stryn og Grotli. Nibbevegen er også så godt som klar for åpning. Det er venta nysnø i helga så ein håper å åpne opp ut i neste veke.
Dermed kan du snart ta turen til Geiranger for å prøve løypa. Her eit bilde frå eit par veker tilbake, det er fortsatt mykje snø!
Foto: Terje Drege
Endring i klassene i Nibberittet
24.mai 2022
Vi har justert klasseinndelinga i Nibberittet, slik at vi no har 5-årsklasser for dei over 40 år. Det har tidlegare vore urettmessig vanskelig for dei som har nærma seg slutten av si 10-årsklasse å hevde seg, men no skal dette vere fullt mulig!
Endringa ser du på
startlista i Nibberittet.
Les også:
Påmeldinga for 2022 er opna! (28.november 2021)
2021-arrangementet (28.august 2021)