LogoSponsorlogoar

Nibbeløpet
Start laurdag 11.juni 2022 kl. 11.15
21 km - 0 til 1500 m.o.h.

For 29. gongen inviterer Geiranger IL og Eidsdal IL den 11.juni 2022 til denne styrkeprøva som både er eit knalltøft halvmaratonløp og eitt av motbakkeløpa i Norge med største høgdeforskjell. Klikk her for å sjå spektakulære bilde frå arrangementet!

Løypa startar ved Geirangerfjorden og går knallharde 21 km med nesten kun oppoverbakke. Heile løypa er på asfalt, bortsett frå ca 300 m grus etter 5 km. Dette er ei skikkelig styrkeprøve og vi garanterer ei kjempeflott oppstigning! Les meir om og sjå fantastiske bilde av løypa her!

Klikk her for oversiktskart og her for detaljert løypekart. Bilde frå løpet finn du i bildearkivet. Resultat frå tidlegare Nibbeløpet/Geiranger Halvmaraton finn du her.

Startlista Nibbeløpet

Sjølv om vi prøvar å redusere trafikken langs løypa, er det uansett vegtrafikklova som gjeld. Vis hensyn og ver observant i trafikken, det er ingen vits å risikere liv og lemmer.

Klasseinndeling
Aldersklasser med tidtaking: 17-18 år, 19-22 år, 23-39 år, 40-44 år, 45-49 år, osv. for menn og kvinner.

NB: Vi ønskjer at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar og 45 minutt stiller i trimklassa (Nibbemarsjen).

Premiering
Alle fullførande får ein medalje. Vi premierer i tillegg dei 1., 2. og 3. beste tidene innan kvar aldersklasse (maks. 1/3-dels premiering). I tillegg kjem vandrepremie for den beste tida blant damer og herrer.

På vegne av Sparebanken Møre deler vi ut pengepremiar for dei tre raskaste damer og menn:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-

(maks. 1/3-dels premiering).

Det delast ut bonus for ny løyperekord på 10 000,- blant alle damer og menn.

Premieutdelinga blir kl 16.30 i startområdet.

Alle deltakarar er med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar!

Langing av drikke
Dei som kjempar om sigeren i si klasse kan kun motta drikke/mat på dei organiserte drikkestasjonane.

Påmelding
Påmelding gjerast via internett. Informasjon om kontingentar og lisens finn du her.

Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.

Løyperekord
Herrer: Kilian Jornet 1.26.42 sett i 2019. Damer: Anita Håkenstad 1.39.54 sett i 2007

Beste tider:
Adelskalender (ikkje oppdatert)

Sparebanken Møre-prisane:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-
I tillegg betaler vi ut 10 000,- for ny løyperekord!

Tidspunkt:
11.juni 2022 start kl 11.15
Deltaking:
65 deltakarar i 2021
Ikkje arrangert i 2020
116 deltakarar i 2019
150 deltakarar i 2018
165 deltakarar i 2017
215 deltakarar i 2016
200 deltakarar i 2015
217 deltakarar i 2014
206 deltakarar i 2013
146 deltakarar i 2012
172 deltakarar i 2011
192 deltakarar i 2010
206 deltakarar i 2009
168 deltakarar i 2008
119 deltakarar i 2007
85 deltakarar i 2006
74 deltakarar i 2005
95 deltakarar i 2004
Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.




Nibbeløpet er rangert som eit kvalitetsløp av Kondis


Etter ca 4 km er dei fleste fortsatt friske og raske, men det blei tyngre etterkvart


Ved Knuten var Svein Inge Buhaug like framfor Øyvind Heiberg Sundby, med Hans Martin Gjedrem få sekund bak.


Syklistar og løparar rekk å bli skikkelig stive i den siste unnabakken, 300 meter før mål. Her er det frå venstre Ingvar Gudrit og Håkon Svoen som som for første gong ser målgang.
Andre sponsorar: