LogoSponsorlogoar

Praktisk informasjon

Her finn du kortfatta informasjon om starttider, parkering og anna praktisk.

Tidsplan for arrangementet finn du nederst på denne sida.
  • Parkering finn du ved ved Norsk Fjordsenter, Geiranger Skule og ved Joker-butikken. Sjå sentrumskart her.
  • Henting av startnummer: fredag 10.juni kl 18.00 - 20.00 i startområdet og laurdag frå 09.00 i startområdet.
  • Drikkestasjonar: Totalt sju stader, Sjå kart for detaljar. For 5 km løypa er det to drikkestasjonar
  • Transport: Trenings/overtrekksklede vert transportert til toppen. Bussar frå Djupvasshytta til sentrum etter innkomst. Ingen mulighet for transport av syklar ned att.
  • Garderobe/dusj: Dusj ved småbåthavna ved Joker-butikken.
  • Sanitet/Førstehjelp: Det vil vere hjelpekorps stasjonert langs løypa og i målområdet.
Klede til Dalsnibba
Dersom du vil ha tørre klede, etc. når du kjem i mål på Dalsnibba, kan du legge ein sekk med dette i bussar som går frå startområdet ca 15 minutt før start. Pakk kleda i vasstette plastikkposar i tilfelle nedbør! Dette gjeld også om du startar ein time før. Hugs å merke bagen/ryggsekken godt med namn og startnummer!

Publikumsbuss til Dalsnibba
Vi har i 2021 ingen publikumsbuss grunna smittevern.

Stenging av vegen i sentrum ved start
Nokre minutt før starten av både Nibbeløpet kl. 11.15 og Nibberittet kl 12.00vil nedadgåande biltrafikk verte stoppa på ulike stader heilt opp mot Oplendskedal ca 7 km ut i løypa. Vegen vert opna for trafikk etter at flesteparten av utøvarane har passert.

Biltrafikk oppover som oppstår bak bakerste løpar vil ikkje bli sluppe forbi utøvarane før etter ca 7 km, dvs. etter Knuten.

Drikkestasjonar
På dei 7 drikkestasjonane langs løypa finst det vatn, saft og energidrikk. På dei 4 siste (frå Heiane) finst det i tillegg cola og banan. Etter målgang på Dalsnibba kan du forsyne deg med meir drikke, nøtter og banan. Vel bekomme til alle deltakarar!

Stenging av Nibbevegen for motorisert trafikk
Nibbevegen (den 5 km lange vegen frå Djupvasshytta til Dalsnibba) vert stengt for motorisert trafikk kl 11.30 - ca kl 14.30. Unntak vil gjelde for bilar tilknytta arrangøren. Alle som ønskjer å vere publikum langs Nibbevegen oppfordrast til å delta i Nibbemarsjen med start frå Djupvasshytta!

Følgjebilar
Følgjebilar er ikkje tillatt! Dette har tidlegare skapt farlege og uoversiktlege situasjonar og utgjer ein sikkerheitsrisiko for utøvarane. Geirangervegen er smal og svingete og det er ofte trongt der bussar og større køyrety møtest, spesielt mellom brøytekantane. Vi er alle interessert i eit best mogleg arrangement for deltakarane. Dersom du vil heie på "din" utøvar, oppmodar vi deg til å parkere langs løypa før start og la bilen stå der til alle utøvarane har passert.

VIS OMSYN!

Transport etter målgang
Utøvarane i Nibbeløpet, Ultraløpet og Nibbemarsjen vert transportert frå Dalsnibba og tilbake til sentrum. Dette gjeld for deltakarane i Nibberittet så lenge sykkelkapasiteten på bussane rekk.

Premieutdeling
Kl. 16.30 startar premieutdelinga ved kaia rett ved startområdet.

Tidsskjema
Fredag 10.juni:
  • 8.juni: Ordinære startkontingentar gjeld ut denne dagen.
  • Kl 18.00 - 20.00 Henting av startnummer ved Vy-garasjen ved fergekaia i Geiranger sentrum.
Arrangementsdagen 11.juni:
  • fredag 10.juni kl 18.00 - 20.00 i startområdet og laurdag frå 09.00 i startområdet.: Henting av startnummer i startområdet.
  • Kl. 09.30-10.30: Start Nibbemarsjen og Nibberittet trim (21 km) frå Geiranger sentrum. Bagar til topps kan leggast i den same bussen som fraktar deltakarane i Nibbemarsjen/Nibberittet trim 5 km til Djupvasshytta (avgang kl 11.10).
  • Kl. 10.35: Buss med klede til Nibbeløpet Mini går frå startområdet.
  • Kl. 10.50: Start Nibbeløpet Mini
  • Kl. 11.00: Buss med klede for Nibbeløpet-deltakarar køyrer frå sentrum til Dalsnibba.
  • Kl. 11.10: Bussar med deltakarane i Nibbemarsjen og Nibberittet trim med start frå Djupvasshytta (5 km) går frå sentrum. Vi oppmodar så mange som mogleg om å ta denne bussen pga. begrensa parkering ved Djupvasshytta. Samtidig er sykkelkapasiteten på denne bussen begrensa.
  • Kl. 11.15: Start Nibbeløpet
  • Kl. 11.30 - ca kl 14.30: Nibbevegen er stengt for biltrafikk
  • Kl. 11.45: Buss med klede til deltakarane i Nibberittet går frå startområdet.
  • Kl. 11.50: Buss med klede til deltakarane i Nibbemarsjen/rittet trim 5 km går frå Djupvasshytta til Dalsnibba.
  • Kl. 12.00: Start Nibberittet
  • Kl. 12.00-12.30: Start Nibbemarsjen og Nibberittet trim (5 km) frå Djupvasshytta
Andre sponsorar: