LogoSponsorlogoar

Nibberittet
Start laurdag 11.juni 2022 kl. 12.00
21 km - 0 til 1500 m.o.h.

Nibberittet er eit tur- og trimritt på landeveg på 21 km arrangert for 23. gongen. Det går frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h. Rittet er eit samarbeid mellom Eidsdal IL og Geiranger IL.

Løypen startar ved Geirangerfjorden og går knallharde 21 km med nesten kun oppoverbakke. Alle 21 km er på asfalt, bortsett frå ca 300 m grus etter 5 km. Dette er ei skikkelig styrkeprøve og vi garanterer ei kjempeflott oppstigning! Her kan du lese om løypa. Mange spektakulære bilde frå arrangementet finn du her. Sjå også reklamefilm for Nibberittet!

Startlista Nibberittet.

Dette er eit ritt der det blir ein del spredning i sluttider. Vi ønskjer derfor at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar stiller i trimklassa utan tidtaking (Nibberittet trim). Dvs. snittfart under 7 km/t.

Iht. NCF sitt reglement skal standard landeveissykkel (evt. terrengsyklar) brukast.

Sjølv om vi prøvar å redusere trafikken langs løypa, er det uansett vegtrafikklova som gjeld. Vis hensyn og ver forsiktig overfor dine medtrafikkantar, dette er kun eit sykkelritt.

NB: Etter målgang ventar 21 km nesten kun nedoverbakke, der du kanskje vil nå att biltrafikk og våre bussar. For alles beste ber vi deg om å ikkje foreta hasardiøse forbikjøringar, men avvente til det blir oversiktlig. Konsekvensane kan bli store for deg ved møteulykker og våre bussjåførar har dette som yrke og risikerer yrkesforbud. Samtidig vil bussane blinke ut og sleppe forbi trafikk ved oversiktlige parti.

Uvettig kjøring vil medføre diskvalifisering. Vi har derfor KRAV at du MÅ flytte startnummeret ditt godt synlig ba på sekk/rygg når du køyrer ned att. Dette vil vi hjelpe til med ved mål.

Klasser
Nibberittet har følgjande klasser:
  • Turritt landevei for damer og menn 17-18 år, 19-29 år, 30-39 år, 40-49 år, osv. tom. 70+. Personar under 17 år har ikkje anledning til å delta. Alle typer ikkje-motoriserte syklar med vekt over 6,8 kg tillat.
  • Trimklasse utan tid for damer og menn. Alle syklar tillatt, også elsyklar.
Vi ønskjer at alle som trur dei brukar meir enn 3 timar stiller i Nibberittet trim utan tid.

Premiering
Alle fullførande får ein medalje. Vi premierer i tillegg dei 1., 2. og 3. beste tidene innan kvar aldersklasse (maks. 1/3-dels premiering). I tillegg kjem vandrepremie for den beste tida blant damer og herrer.

På vegne av Sparebanken Møre deler vi ut pengepremiar for dei tre raskaste damer og menn:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-

(maks. 1/3-dels premiering).

Det delast ut bonus for ny løyperekord på 10 000,- blant alle damer og menn.

Premieutdelinga blir kl 16.30 i startområdet.

Alle deltakarar er med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar!

Resultat frå tidlegare utgåver av Nibberittet finn du her.

Drikkestasjonar
Det er 7 drikkestasjonar. Langing av drikke frå kjøretøy i fart er ikkje lov. Undervegs i rittet kan dei som kjempar om sigeren i si klasse kun motta drikke/mat frå dei organiserte drikkestasjonane, altså ikkje frå andre hjelparar langs løypa.

Påmelding
Påmelding gjerast via internett, sjå startkontingentar under. Informasjon om kontingentar og lisens finn du her.

Har du ikkje heilårslisens må du løyse eingonglisens. Den er på 170,- (for betaling tom. 11.mars) eller 220,- (for betaling etter 11.mars). Eingonglisensen legg du til når du melder seg på. Les meir om lisensar her.

Praktisk informasjon

Har du spørsmål? Kontakt Eidsdal I.L. v/Merete Rønneberg tlf. 99 37 65 85.

Løyperekord:
Menn: Bjørn Tore Hoem (Team Sparebanken sør) på 1:00:26 i 2014.
Damer: Borghild Løvseth på 1.09.04 i 2018.

Beste tider:
Adelskalender

Pengepremiar på vegne av Sparebanken Møre:
1.premie: 5000,-
2.premie: 3000,-
3.premie: 2000,-
I tillegg betaler vi ut 10 000,- for ny løyperekord!

Tidspunkt:
11.juni 2022 start kl 12.00
Deltaking:
122 deltakarar i 2021
Ikkje arrangert i 2020
255 deltakarar i 2019
303 deltakarar i 2018
241 deltakarar i 2017
348 deltakarar i 2016
289 deltakarar i 2015
441 deltakarar i 2014
342 deltakarar i 2013
353 deltakarar i 2012
384 deltakarar i 2011
464 deltakarar i 2010
372 deltakarar i 2009
388 deltakarar i 2008
288 deltakarar i 2007
202 deltakarar i 2006
160 deltakarar i 2005
146 deltakarar i 2004
149 deltakarar i 2003
Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.




Knuten passerast etter ca 5 km, og etterfølgjast av den første nedoverbakken


Etter 8 km går løypa på grusveg for andre gong


Her rett før Blåfjellsbrakka er størstedelen av hovedstigninga unnagjort, og ein startar på eit litt flatare parti, før det igjen blitt bratt ved Djupvatnet.


Her ser ein Djupvatnet og austover mot Skjåk. Dette er i den brattaste delen av løypa, og her er det att knapt 3 km


Nibberittdeltakarar i siluett med Blåtind i bakgrunnen.
Andre sponsorar: