![]() | ![]() |
|
|
Nibbeløpet Mini
4,0 km - 300 høgdemeter
Nibbeløpet Mini går frå Geiranger sentrum og opp til det verdskjende utsiktspunktet Flydalsjuvet. Det er eit alternativ for dei unge og for dei som synest at
Nibbeløpet er for langt. Løypa er 4,0 km lang og går på asfaltveg med stigning 1:12 og er avstengt for trafikk under løpet.
Arrangør er Eidsdal IL og Geiranger IL.
Busstransporten ned att til fjorden etter målgang. Sjå startlista i Nibbeløpet Mini. Klasseinndeling
Premiering Premieutdelinga skjer i Geiranger sentrum kl 16.30. Medalje til alle som fullfører og trekking av gåvepremiar på alle startnummer. Det vil også bli 1., 2. og 3. premie blant gutar/jenter 13-14 år samt 1., 2. og 3. premie for gutar/jenter i klassa 15 år og eldre (maks 1/3-dels premiering). Sidan det ikkje er tidsrangering av resultatlista i den yngste klassa er det heller ingen ekstra premiering her. Alle deltakarar er automatisk med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar! Påmelding Du må melde deg på på nettsida. Startkontingenten er på 200,- for dei som har fylt 17 år og 50,- for dei yngre.
NB: Har du ikkje heilårslisens må du løyse eingonglisens.
For dei som er 16 år eller yngre er det ikkje nødvendig med lisens. For dei som har fylt 17 år er eingongslisensen på 30,-.
Eingonglisensen betaler du inn saman med startkontingenten ved påmelding.
Meir informasjon om lisens finn du her.
Praktisk informasjon Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.
|
![]() Løypa start ved Geirangerfjorden og går opp til Flydalsjuvet, 304 meter over havet.
![]() Fleire deltakarar i Miniton. Frå venstre: Rune Hole (Sunnylven IL), Robert Sørås (Stordal IL), Trond Marius Vad (Valldal IL) og Ole Kristian Kindsbekken (Tingvoll IL).
![]() Like etter start på Nibbeløpet5.
![]() Asbjørn Kvam Karbø ved Villa Utsikten på miniton
|
||||||||||||||||||
|