Vi må dessverre meddele om at vi har valgt å avslutte Geiranger frå fjord til fjell. Dei siste to åra har det vore få deltakarar og arrangementskommiteen kjenner på slitasjen. Krav om oppfriskingskurs av våre erfarne trafikkvakter har heller ikkje bidratt i rett retning. Ingenting varer evig, og heller ikkje motbakkearrangement i Geiranger.
Sidan starten med Nibbemarsjen i 1993, det første Nibbeløpet i 1994 (då kalla Geiranger Halvmaraton) og Nibberittet i 2000 har vi hatt ca 13700 fullførande deltakarar. I 2009 arrangerte vi NM i motbakkeløp og uoffisielt NM i motbakkeritt. I 2014 fullførte heile 887 deltakarar. Vi har også hatt Nibbedobbelen, rulleskiklasse og også forsøkt oss med ultraløp. Og spesielt håper vi at mange yngre har hatt gode opplevelsar opp til Flydalsjuvet i Nibbeløpet Mini og Nibberittet Mini.
Kvart år har opp mot 100 funksjonærar frå Eidsdal, Norddal og Geiranger muliggjort arrangementet. Dei har kjørt buss, stått på drikkestasjon, rigga til, vore trafikkvakter og sørga for ei god avvikling.
Vi vil også takke våre mange trufaste sponsorar og særlig Sparebanken Møre som har støtta oss i alle år. Også stor takk til Geiranger Skysslag som har latt oss ha Nibbevegen for oss sjølve og Stranda Hamnevesen som har sørga for cruisebåt-fri dag.
Vi håper de har hatt mange gode opplevelsar i startområdet, langs løypa og på toppen av Dalsnibba, i både nysnø, regn, strålande sol og sidevegs sludd. Det har iallefall arrangementskommiteen hatt!
Helsing arrangementskommiteen,
Terje Drege Rusten, Tove Gjerde, Jan Kåre Eide, Rune Maråk, Merete Løvoll Rønneberg og Knut Arild Maråk