LogoSponsorlogoar

Geiranger World Heritage Ultra
Start kl. 07.00 i Norddal
57 km - ca 3000 høgdemeter

Geiranger World Heritage Ultra er eit ultraløp over 57 km og 3000 høgdemeter som etter eit prøveløp i 2019 no inngår i Geiranger frå fjord til fjell 2020.

Start er ved fjorden i Norddal, over Storåsen til Eidsdal og så inn i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap til Geiranger. Desse første 36 km har nokre bratte kneiker og går mest på sti/traktorveg med mindre innslag av asfalt. Vidare frå Geiranger sentrum er løypa identisk som den i Nibbeløpet og Nibberittet, dvs. 21 km jamn stigning på asfalt opp til Dalsnibba på 1476 moh.

Start ved Norddal kai er kl 07.00. Sjå Startlista.

Dette er ei knalltøff utfordring for alle ultraløparar som går gjennom eit av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i landet! Arrangør er Geiranger IL og Eidsdal IL.


Start i Norddal og mål på Dalsnibba. Illustrasjon: Google Earth

Løypa
Løypa er gjennomgått på illustrasjonane i høgremargen. Der finn du også link til Google Earth (.kmz) og .gpx-fil. Desse vil kunne avvike litt då dei er tegna på kart og ikkje tatt opp med GPS-sporing i terrenget. Vi anbefaler sterkt å sette seg grundig inn i løypa, særlig frå Norddal til Geiranger. Løypa vert merka og det vil vere vakter ved grinder, men det er deltakarane sitt ansvar å følgje rett løype.

Norddal - Eidsdal - Geiranger (36 km)
Frå Norddal over til Eidsdal og til Geiranger går løypa stort sett på sti, traktorveg eller grusveg. Einaste lengre innslag av asfalt er litt før Storåsen (ca 1 km), forbi Eidsdal skule (ca 1 km) og frå Grande til Geiranger sentrum (Ca 1,5 km). Løypa kryssar bilvegen på 7 stader, der deltakarane må vere ekstra varsomme. Desse er avmerka i gps-sporet;
  • i Eidsdal sentrum
  • Veiberg
  • ved Eide bru ved Eidsvatnet (dropzone)
  • Korsmyra
  • 2 gonger korte strekk på bilveg ned Møllsbygda
  • ved Grande bru (nesten nede ved Geirangerfjorden)
Geiranger - Dalsnibba (21 km)
I startområdet i Geiranger sentrum vil det vere litt biltrafikk og andre utøvarar som varmar opp til dei øvrige arrangementa under Geiranger frå fjord til fjell. Nibbeløpet startar i Geiranger sentrum kl 11.15 og Nibberittet kl. 12.00. Særlig Nibberittet har eit stort startfelt, så vis hensyn og følg anvisningar frå funksjonærar i startomådet ved passering!

Frå Geiranger til Dalsnibba følgjer løypa same løypa som Nibbeløpet/Nibberittet, dvs. den vanlege bilvegen på asfalt bortsett frå ved Knuten som er 300 m grusveg.

Det er tillatt å bytte sko undervegs og dette kan gjerast på f.eks. Dropzone 2 ved Sanden 1 km før Geiranger sentrum.

Klasser
Klasse for menn og damer

Påmelding
Du melder deg på Geiranger World Heritage Ultra via Eqtiming. Startkontingenten er 900,-. Evt. eingongslisens kjem i tillegg.

Tidsgrense
Basert på erfaringane i 2019 innfører vi i 2020 ei tidsgrense ved Sanden (Dropzone 2 etter ca 35 km, ca 1 km før Geiranger sentrum); kun dei som passerar mellomtidsstasjonen her før kl 12.30 får anledning til å fortsette dei siste 22 km opp til Dalsnibba. Dette er 5 timar og 30 minutt etter start. I 2019 så ville ca 90% av deltakarane har klart denne tidsgrensa.

Vi forbeholder oss uansett retten til starte nedrigging og å avslutte elektronisk tidtakinga ca kl 15/16, men det vil uansett vere transport tilgjengelig tilbake til Geiranger sentrum for dei som klarer tidsgrensa. Meld frå til funksjonærane om du bryt!

Premiering
I klassene for hhv. dame og menn deler vi ut;
  • 1.premie: 3000,-
  • 2.premie: 2000,-
  • 3.premie: 1000,-
Maksimalt 1/3-dels premiering, dvs. at 1.premie utbetalast om det er 3 eller fleire deltakarar, 2.premie utbetalast ved 6 eller fleire deltakarar og 3.premie utbetalast ved mininum 9 deltakarar.

Ryggsekk, drikke, dropzone og bagasje
Sidan løypa nesten alltid er i nærheita av bilveg, har vi eit forenkla krav til mat og drikke i sekken du har på ryggen; 0,5 l veske og mat. I tillegg kan du levere inn bagar/sekkar til oss før start og merke dei med startnummer og ein av følgjande punkt (1 bag/sekk per punkt);
  • Dropzone 1 (A) på Eide bru (23,6 km), for f.eks. mat og drikke
  • Dropzone 2 (B) på Sanden 1 km før Geiranger sentrum (35,0 km), for f.eks mat og asfaltsko
  • Mål på Dalsnibba (C) (57 km), f.eks. tørre klede etter målgang
så transporterer vi dei ut dit. Pakk vanntett og merk sekken/bagen godt, du får utlevert lappar saman med startnummeret. Bagane frå dropzone 1 og 2 blir å finne i sekretariatet i Geiranger sentrum etter retur frå Dalsnibba.

Drikkestasjonar
Arrangøren stiller ikkje med drikke på dropzone 1 og 2, så her må du pakke med deg sjølv om du vil ha. Før Geiranger vil vi ha tre enkle drikkestasjonar;
  • På nedstigninga ned frå Storåsen til Eidsdal (Rongane), etter ca 12 km.
  • Ved klubbhuset på Løvoll etter ca 21 km
  • Ved Korsmyra etter ca 31 km (rett før nedstigninga til Geiranger.
Det er også mulig å ta drikke i sekretariatet i Geiranger sentrum.

Etter Geiranger sentrum kan ein bruke dei same drikkestasjonane som i Nibbeløpet, dvs. 7 stk etter Geiranger sentrum til Dalsnibba der drikke blir servert i beger. Dei siste av desse har banan og bollar. Drikkestasjonane kjem til å begynne å rydde saman ca kl 15-16, men det vil fortsatt vere mulig å fylle drikke her frå kanner her (ubetjent).

Henting av startnummer
Startnummeret hentast i sekretariatet i Geiranger fredag 5.juni kl 18.00 - 20.00 i sekretariatet i Geiranger sentrum (ved fergekaia) eller laurdag før start i startområdet i Norddal.

Transport
Viktig: Det går IKKJE ferge på Linge-Eidsdal før starten av løpet laurdag morgon. Dermed må du overnatte i Eidsdal/Norddal/Geiranger, eller kome deg austfrå via Strynefjellet.

Det vert sett opp gratis busstransport frå sekretariatet i Geiranger via Eidsdal til startområdet i Norddal. Avgang kl 06.00. Gje oss beskjed innan 1.juni om du ønskjer dette. Du kan også bestille transporten når du melder deg på arrangementet.

Det vert også gratis busstransport frå målgang Dalsnibba tilbake til Geiranger sentrum. Desse køyrer når bussane er fyllt opp. Det blir også muligheter for transport tilbake til Norddal etter premieutdelinga (ikkje organisert).
Sjå video av løypa. Det er ingen drikkestasjonar før Geiranger.
Løypespor
Løypebeskrivelse
1. Etter ca 1 km svak stigning frå starten i Norddal går det bratt opp på sti gjennom skog til Innsetsætra på ca 600 høgdemeter. Derifrå følgjer ein ca 2 km slakk nedoverbakke på traktorveg via Rellingsætra og til Hatlestad, og så nesten flatt på asfaltveg til Storåsen på 500 m over havet. Deretter ber det nedover ein sti som slynger seg nedover fjellsida til Eidsdal sentrum ved fjorden. Frå Eidsdal sentrum går løypa slakt oppover dalen på grus til Veiberg på ca 200 m over havet. Illustrasjon: Google Earth

2. Frå Veiberg følgjer ein traktorveg og så stien som slynger seg oppover til Kleiva på ca 520 moh. Deretter går det flatt og slakt nedover på traktorveg/sti til Eidsvatnet/Eide bru (430 moh.), som ein spring langs inn til Indreide. Etter ei ca 1 km langs stigning frå Indreide spring ein gjennom Indreidsdalen (5 km) og så slakt opp til Korsmyra på ca 610 meter over havet. Illustrasjon: Google Earth

3. Frå Korsmyra ca 1 km på flat grusveg og opp langs ein morenerygg til murane på Møllssætra, stupar løypa ned stien i Møllsdalen. I dalbotn krysser ein elva på ei hengebru før råsa går ned gjennom gardane i Møllsbygda. Her vil ein også sjå mål på Dalsnibba for første gong. Løypa går så forholdsvis bratt nedover før løypa går over på bilvegen ved Grande nede ved Geirangerfjorden. Herifrå er det ca 1,5 km på bortimot flat asfaltveg inn til startområdet til Nibbeløpet i Geiranger sentrum. Illustrasjon: Google Earth

4. Frå Geiranger sentrum er løypa identisk med løypa i Nibbeløpet opp til Dalsnibba, dvs. 20,5 km slakk stigning på bilveg opp til Dalsnibba, sjå nærmare skildring her. Illustrasjon: Google Earth


Bilde frå løypa
Start er nede ved fjorden i Norddal, og den går raskt opp til ca 600 m høgde på Innsetsætra. Derifrå går den slakt ned til Rellingsætra og så over Storåsen. Foto: Ivar Grønningsæter.


Eidsvatnet ligg svært idyllisk til mellom Geiranger og Eidsdal. Løypa går på gangvegen mellom bilvegen og vatnet bort til Indreide (garden ved vatnet midt på bildet) og derifrå innover dalen i bildet. Foto: Google Maps


I Møllsbygda har ein flott utsikt utover Geirangerfjorden, inn til Geiranger og ein ser også for første gong målgang på Dalsnibba (heilt til venstre i bildet). Foto: Google Maps


Andre sponsorar: