LogoSponsorlogoar

Møre og Romsdals klatrekonge/dronning

Devold Nibberittet, Trollstigrittet og Eresfjord Classic samarbeider også i 2017 om å kåre den beste samanlagtryttaren. Desse tre ritta er alle klatreritt i Møre og Romsdal og blir arrangert ila. tre helger på tidlegsommaren. Det er samanlagttida som avgjer og ein må delta i alle tre ritta for å bli med på samanlagtlista; Dette er alle flotte klatreritt i spektakulær vestlandsnatur med mål på toppen av nokre av landets mest kjente stigningar. Konkurransen er sjølvsagt open også for dei som ikkje bur i Møre og Romsdal.

Påmelding
Du er automatisk med i cupen når du er med på resultatlista i alle tre ritta.

Premiering
Han og ho som ledar samanlagt stiller i ei flott klatretrøye i neste ritt som vinnaren får til slutt!

Resultat
Samanlagtlista etter alle ritta blir gjort tilgjengelig m.a. på www.frafjordtilfjell.com fortløpande. Kontaktperson for cupen er Geir Hoem (geir@planor.no, 47 47 67 48).

Last ned plakaten (frå 2016) i pdf-format
Andre sponsorar: