LogoSponsorlogoar

Devold Nibbedobbelen
Start kl. 07.45 (sykkel) og 11.15 (løp)
2 x 21 km - 2 x 0 til 1500 m.o.h.

Her skal du først sykle frå fjorden og opp til Dalsnibba, rulle på sykkel ned att til fjorden, og springe til topps etterpå! Dette er kun for dei tøffaste!

Det seier seg sjølv at du må vere i god form for å delta på Nibbedobbelen. Syklinga startar kl 07.45 og springinga samtidig med Nibbeløpet kl 11.15. Etter å ha nådd Dalsnibba på sykkel, må du sjølv sykle tilbake til start. Ingen motorisert transport tilbake til start er tillatt.

NB: Fom.2017 er starttidspunktet for både sykkel- og løpedelen endra samanlikna med tidlegare år.

Ein brukar ca 40 minutt på sykle frå Dalsnibba og ned igjen til start. Dette tilseier at du bør fullføre sykkeldistansen på maksimum to timar for å kunne delta. Tida frå målgang med sykkel på Dalsnibba til kl 11.15 vil ikkje bli rekna med i sluttida. Dei som evt. ikkje rekk starten på springedelen kl 11.15, vil få starttid 11.15.

Det er summen av tida på sykkeldelen og løpedelen som utgjer sluttida i Nibbedobbelen. I tillegg vil dei to tidene også inngå i resultatlista for hhv. Nibberittet og Nibbeløpet.

Iht. NCF sitt reglement skal standard landeveissykkel brukast. Dette betyr av sykkelen må ha ei vekt på minst 6,8 kg inkludert pedalar (Utstyrsreglementet, punkt 1.3.019). Vi vil foreta stikkprøver for å sikre at vektgrensa blir overholdt.

Bagasje til topps
Har du bag med tørre klede kan du sende denne med bagasjebilen som går frå sentrum like før start på sykkeldelen kl 07.45. Bilen med bagasjen vil bli ståande på Dalsnibba til etter målgang på springedelen, slik at du slepp å sende ny bagasje før starten på løpedelen.

Tidtakarbrikke
Du vil få eit startnummer/brikke for sykkeldelen og ein nytt startnummer/brikke for løpedelen. Startnummer/brikken for sykkeldelen hentar du i startområdet kvelden før, mens startnummer/brikke for løpedelen hentar du i startområdet etter at du har sykla ned igjen frå Dalsnibba. Startnummeret frå sykkeldelen skal altså ikkje brukast på løpedelen.

VIKTIG:
Vi vil ikkje ha ulykker så ta det med ro ned att til start! Ein får raskt stor fart og det blir lange bremselengder i nedoverbakkar. Det skal vere god tid mellom målgang på sykkeldelen og start på løpedelen.

Klasser
Klasse for menn og damer.

Premiar
Ved 30 eller fleire deltakarar i hhv. dame- og herrerklassa:
1.premie: 3000,-
2.premie: 2000,-
3.premie: 1000,-

Ved deltakartal under 30 vert berre pengepremie for 1. premie utbetalt. Er det færre enn 5 deltakarar, vert det ikkje betalt ut pengepremie.

Påmelding
Når du melder deg på Nibbedobbelen vil du automatisk bli påmeldt både Nibberittet (med start kl 07.45) og Nibbeløpet (med start kl 11.15). Startkontingenten er totalt 700,-. Evt. eingongslisens kan du betale inn i tillegg. Det gis 80,- i Kondis-rabatt.

På sykkeldelen vert det ikkje drikkestasjonar, medan det blir drikkestasjonar på springedelen.

Deltaking:
22 deltakarar i 2018
8 deltakarar i 2017
23 deltakarar i 2016
28 deltakarar i 2015
40 deltakarar i 2014
21 deltakarar i 2013
9 deltakarar i 2012

Tidspunkt:
9.juni 2018 start kl 07.45 (ritt) og 11.15 (løp)
Løypa startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh. Så syklar du ned att og spring same distansen opp att på Dalsnibba.


Starten på Nibbedobbelen i 2013


Samanlikning mellom Nibberittet og nokre bakkar i Tour de France.

Nibberittet


Nibbeløpet


Andre sponsorar: