LogoSponsorlogoar

Nibbemarsjen og Nibberittet trim
21 eller 5 km - målgang 1500 m.o.h.
Start laurdag 9.juni kl. 10.00-10.30 (21 km) og 12.00-12.30 (5 km)

Nibbemarsjen og Nibberittet trim er alternativet utan tidtaking og er for dei som vil ta turen til Dalsnibba som ein trimtur. Ein kan enten gå eller sykle og arrangementet går i same trassé som Nibberittet og Nibbeløpet. I Nibberittet trim kan du bruke elsykkel.

Det er to startalternativ, der du i alle tilfeller må hente startnummeret i sekretariatet i Geiranger sentrum:
  • 21 km Start ved Fjord1-garasjen i Geiranger sentrum kl 10.00-10.30. Distansen er 21 km og det er ca 1500 m stigning.
  • 5 km Start ved Djupvasshytta kl 12.00-12.30. Distansen er 5 km eller 10 km. Stigninga er ca 440 meter.

Påmelding
Vi ser gjerne at du melder deg på via nettsida, men du kan også melde deg på og betale ved start. Sjå startlista for 21 km for hhv. Nibbemarsjen og Nibberittet trim.

Premiering
Medalje til alle som fullfører og alle er også med i trekkinga av flotte gåvepremiar på premieutdeling som startar 16.00 ved startområdet.

Startkontingenten for dei som har fylt 16 år er 200,- for 21 km og 100,- for 5 km. For dei under 16 år; 50,-. Henting av startnummer for 5 km er også i Geiranger sentrum, dvs. ingen startnummerutdeling på Djupvasshytta.

Det vert sett opp busstransport til start ved Djupvasshytta for dei som ønskjer å gå. Denne har avgang kl 11.10. Dei som skal gå frå fjorden kan legge bagar med tørre klede i denne bussen. Denne bussen har begrensa kapasitet til syklar, så dersom det ikkje er plass til syklar må deltakarane i Nibberittet trim kome seg til Djupvasshytta sjølve. NB: Dersom de tek bil Djupvasshytta, start før starten på Nibbeløpet kl 11.15 då det vil vere vanskelig å køyre forbi.

Retur av deltakarane frå Dalsnibba etter målpassering.

Sjå elles praktisk informasjon.

For løypekart og startplasseringar, klikk her.

Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.

Tidspunkt:
Start kl. 10.00-10.30 frå sentrum eller 12.00-12.30 frå Djupvasshytta.
Deltakarar:
90 deltakarar i 2016
103 deltakarar i 2015
122 deltakarar i 2014
113 deltakarar i 2013
124 deltakarar i 2012
98 deltakarar i 2011
131 deltakarar i 2010
ca 100 deltakarar i 2009
146 deltakarar i 2008
103 deltakarar i 2007
87 deltakarar i 2006
Nibbemarsjen21 startar ved Geirangerfjorden og går til toppen av Dalsnibba 1500 moh.

Nibbemarsjen5 startar ved Djupvasshytta og går opp baksida av Dalsnibba til toppen på 1500 moh.


Deltakarar frå hovudsponsor Devold i Geirangermarsjen.


Regnet/snøen såg ikkje ut til å verke inn på humøret!

Andre sponsorar: