LogoSponsorlogoar

Nibbeløpet Mini
Start 8.juni 2019 kl. 10.50
4,0 km - 300 høgdemeter

Nibbeløpet Mini går frå Geiranger sentrum og opp til det verdskjende utsiktspunktet Flydalsjuvet. Det er eit alternativ for dei unge og for dei som synest at Nibbeløpet er for langt. Løypa er 4,0 km lang og går på asfaltveg med stigning 1:12 og er avstengt for trafikk under løpet. Arrangør er Eidsdal IL og Geiranger IL.

Busstransporten ned att til fjorden etter målgang.

Sjå startlista i Nibbeløpet Mini.

Klasseinndeling
  • Gutar/jenter 12 år og yngre utan rangering etter sluttid
  • Gutar/jenter 13-14 år med rangering etter sluttid
  • Gutar/jenter 15 år og eldre med rangering etter sluttid
Du vert automatisk påmeldt i rett klasse når du oppgjev fødselsår ved påmelding. Det er fødselsåret og ikkje fødselsdatoen som avgjer kva klasse du kjem i.

Premiering
Premieutdelinga skjer i Geiranger sentrum kl 16.00.

Medalje til alle som fullfører og trekking av gåvepremiar på alle startnummer. Det vil også bli 1., 2. og 3. premie blant gutar/jenter 13-14 år samt 1., 2. og 3. premie for gutar/jenter i klassa 15 år og eldre (maks 1/3-dels premiering). Sidan det ikkje er tidsrangering av resultatlista i den yngste klassa er det heller ingen ekstra premiering her.

Alle deltakarar er automatisk med i trekninga av svært attraktive gåvepremiar! Vinnarane av desse vert kåra under premieutdelinga og premien må også hentast der. NB: ingen ettersending av premiar!

Påmelding
Du må melde deg på på nettsida.

Startkontingenten er på 200,- for dei som har fylt 17 år og 50,- for dei yngre.

NB: Frå 2014 har Friidrettsforbundet innført eingongslisens også for motbakkeløp. Har du ikkje heilårslisens må du løyse eingonglisens. For dei som er 16 år eller yngre er det ikkje nødvendig med lisens. For dei som har fylt 17 år er eingongslisensen på 30,-. Eingonglisensen betaler du inn saman med startkontingenten ved påmelding. Meir informasjon om lisens finn du her.

Praktisk informasjon

Ytterlegare informasjon på telefon 41 78 00 70 eller e-post.

Løyperekord
Kristian Nedregård (Spjelkavik og Omegn) på 16.35 i 2014 og Brynhild Synstnes (Åndalsnes I.F) på 18:51 i 2014

Tidspunkt:
8.juni 2019
start kl. 10.50
Deltakarar:
44 deltakarar i 2018
48 deltakarar i 2017
57 deltakarar i 2016
55 deltakarar i 2015
71 deltakarar i 2014
55 deltakarar i 2013
53 deltakarar i 2012
56 deltakarar i 2011
68 deltakarar i 2010
71 deltakarar i 2009
72 deltakarar i 2008
56 deltakarar i 2007
41 deltakarar i 2006
43 deltakarar i 2005
58 deltakarar i 2004
Løypa start ved Geirangerfjorden og går opp til Flydalsjuvet, 304 meter over havet.


Fleire deltakarar i Miniton. Frå venstre: Rune Hole (Sunnylven IL), Robert Sørås (Stordal IL), Trond Marius Vad (Valldal IL) og Ole Kristian Kindsbekken (Tingvoll IL).


Like etter start på Nibbeløpet5.


Asbjørn Kvam Karbø ved Villa Utsikten på miniton
Andre sponsorar: