LogoSponsorlogoar

Praktisk informasjon

Her finn du kortfatta informasjon om starttider, parkering og anna praktisk.

Tidsplan for arrangementet finn du nederst på denne sida.
  • Parkering finn du ved ved Norsk Fjordsenter, Geiranger Skule og ved Joker-butikken. Sjå sentrumskart her.
  • Henting av startnummer: fredag 8.juni kl 18.00 - 20.00 i startområdet og laurdag frå 09.00 i startområdet.
  • Drikkestasjonar: Totalt sju stader, Sjå kart for detaljar. For 5 km løypa er det to drikkestasjonar
  • Transport: Trenings/overtrekksklede vert transportert til toppen. Bussar frå Djupvasshytta til sentrum etter innkomst. Også mulighet for transport av syklar ned att.
  • Garderobe/dusj: Geiranger Skule, Vinje Camping og på Geiranger Camping. (dusjautomat - henvend deg i resepsjonen for utdeling av dusjmynt)
  • Sanitet/Førstehjelp: Det vil vere hjelpekorps stasjonert langs løypa og i målområdet.
Klede til Dalsnibba
Dersom du vil ha tørre klede, etc. når du kjem i mål på Dalsnibba, kan du legge ein sekk med dette i bussar som går frå startområdet ca 15 minutt før start. Pakk kleda i vasstette plastikkposar i tilfelle nedbør! Dette gjeld også om du startar ein time før. Hugs å merke bagen/ryggsekken godt med namn og startnummer!

Publikumsbuss til Dalsnibba
Vil tilbyr også publikum busskyss frå startområdet til Dalsnibba. Denne vil koste kr 100,- og avgang er kl 11.00.

Stenging av vegen i sentrum ved start
Nokre minutt før starten av både Devold Nibbeløpet kl. 11.15 og Devold Nibberittet kl 12.00 vil nedadgåande biltrafikk verte stogga på ulike stader heilt opp mot Oplendskedal ca 7 km ut i løypa. Vegen vert opna for trafikk etter at flesteparten av utøvarane har passert.

Biltrafikk oppover som oppstår bak bakerste løpar vil ikkje bli sluppe forbi utøvarane før etter ca 7 km, dvs. etter Knuten.

Drikkestasjonar
På dei 7 drikkestasjonane langs løypa finst det vatn, saft og energidrikk. På dei 4 siste (frå Heiane) finst det i tillegg cola og banan. Etter målgang på Dalsnibba kan du forsyne deg med meir drikke, nøtter og banan. Vel bekomme til alle deltakarar!

Stenging av Nibbevegen for motorisert trafikk
Nibbevegen (den 5 km lange vegen frå Djupvasshytta til Dalsnibba) vert stengt for motorisert trafikk kl 11.30 - ca kl 14.30. Unntak vil gjelde for bilar tilknytta arrangøren. Alle som ønskjer å vere publikum langs Nibbevegen oppfordrast til å delta i Nibbemarsjen med start frå Djupvasshytta!

Følgjebilar
Følgjebilar er ikkje tillatt! Dette har tidlegare skapt farlege og uoversiktlege situasjonar og utgjer ein sikkerheitsrisiko for utøvarane. Geirangervegen er smal og svingete og det er ofte trongt der bussar og større køyrety møtest, spesielt mellom brøytekantane. Vi er alle interessert i eit best mogleg arrangement for deltakarane. Dersom du vil heie på "din" utøvar, oppmodar vi deg til å parkere langs løypa før start og la bilen stå der til alle utøvarane har passert.

VIS OMSYN!

Transport etter målgang
Utøvarane i Nibbeløpet og Nibbemarsjen vert transportert frå Dalsnibba og tilbake til sentrum. Dette gjeld for deltakarane i Nibberittet så lenge sykkelkapasiteten på bussane rekk.

Premieutdeling
Kl. 16.00 startar premieutdelinga ved kaia rett ved startområdet.

Tidsskjema
Fredag 8.juni:
  • 7.juni: Ordinære startkontingentar gjeld ut denne dagen.
  • Kl 18.00 - 20.00 Henting av startnummer ved Fjord1-garasjen ved fergekaia i Geiranger sentrum.
Arrangementsdagen 9.juni:
  • 07.43: Bil med klede til Nibbedobbelen går frå startområdet.
  • 07.45: Start Devold Nibbedobbelen (sykkel)
  • fredag 8.juni kl 18.00 - 20.00 i startområdet og laurdag frå 09.00 i startområdet.: Henting av startnummer i startområdet.
  • Kl. 10.00-10.30: Start Nibbemarsjen og Nibberittet trim (21 km) frå Geiranger sentrum. Bagar til topps kan leggast i den same bussen som fraktar deltakarane i Nibbemarsjen/Nibberittet trim 5 km til Djupvasshytta (avgang kl 11.10).
  • Kl. 10.35: Buss med klede til Nibbeløpet Mini og Nibberittet Mini går frå startområdet.
  • Kl. 10.49: Start Nibberittet Mini
  • Kl. 10.50: Start Nibbeløpet Mini
  • Kl. 11.00: Buss med klede for Nibbeløpet-deltakarar køyrer frå sentrum til Dalsnibba.
  • Kl. 11.00: Publikumsbuss går til Dalsnibba. Billett kostar kr 100,-.
  • Kl. 11.10: Bussar med deltakarane i Nibbemarsjen og Nibberittet trim med start frå Djupvasshytta (5 km) går frå sentrum. Vi oppmodar så mange som mogleg om å ta denne bussen pga. begrensa parkering ved Djupvasshytta. Samtidig er sykkelkapasiteten på denne bussen begrensa.
  • Kl. 11.15: Start Devold Nibbeløpet og Devold Nibbedobbelen (løp)
  • Kl. 11.30 - ca kl 14.30: Nibbevegen er stengt for biltrafikk
  • Kl. 11.45: Buss med klede til deltakarane i Nibberittet går frå startområdet.
  • Kl. 11.50: Buss med klede til deltakarane i Nibbemarsjen/rittet trim 5 km går frå Djupvasshytta til Dalsnibba.
  • Kl. 12.00: Start Devold Nibberittet
  • Kl. 12.00-12.30: Start Nibbemarsjen og Nibberittet trim (5 km) frå Djupvasshytta
  • Kl. 16.00: Premieutdeling i startområdet
Andre sponsorar: