LogoSponsorlogoar

GIL 100 år
1905 - 2005

Teksta er ei tale Terje Drege Rusten heldt på 100-årsmarkeringa til Geiranger Idrettslag den 12.november 2005.

I 1980 då GIL feira 75 år, skreiv Clarence Maråk og Jon Vinje eit samandrag frå laget si historie ut ifrå det at alt nedskrive materiale fram til 1950, brann opp under Palmarbudbrannen tidleg på 60-talet.  Som kjelder hadde dei også brukt Sverre Gjørva, Peder Knivsflå, Martin og Lars I Mølsæter, Nils Ørjasæter, Inge Westerås og Erling Hole m.fl. Dette skrivet kjem eg av og til å lese litt ifrå. Men til opplysning, møteboka frå 1905 dukka opp att uskadd i år, og det er den eg hovudsakleg har brukt som kjelde til fyrste del av dette skrivet.   Eg har ikkje teke med på langt nær alt,  og namn på mange personar som heilt sikkert burde vore nemnde, er kanskje ikkje med. Den komplette 100-årshistoria til GIL bør etter mi meining difor lagast i ettertid i form av eit eige jubileumsskrift.

Geiranger IL vart stifta 5.januar 1905 som eit utspring frå Geiranger Skjotarlag. Skjotarlaget og idrottslaget hadde så i nokre år kvar sine styre , men med felles kasse.. Det første styret i GIL vart valdt 18.mai 1905 med Lars P Flydal, Andreas Møll, Ingebrigt Skodje og Boas Møll som medlemmer. Ut ifrå møteprotokollen (MP) går det ikkje fram kven som var formann dei første to åra, men i ei bok som heiter Norske Skiløpere som kom ut i 1958, står det at Ingebrikt Skodje var den fyrste formannen. Både i 1907, 1911 og 1912 kom det forslag om at GIL skulle bli eit lag for seg sjølv, men lausrivinga og nyskipinga skjedde  ikkje før 2.mars 1920 med same lover som galdt for det gamle idrottslag med undantak av at idrottslaget er skield fraa skjotarlaget. Dei vedtok då også at styret skulle veljast kvart 3.år.

Dei aktivitetane som idrettslaget stod ansvarleg for den fyrste tida,  viser seg å gå att i mange år framover. Det var å avvikle eit premieskirenn som oftast i påska der øvingane bestod av langrenn med og utan skjoting på figur, hopprenn og bakkerenn. Let det seg gjere vart desse premieskirenna avslutta med premiefest og premieutdeling på Union eller Geiranger hotell med ein liten svingom til slutt. Men medlemmane møttest også til skitrening søndagane dersom ver og føre tillet det.

Dernest var styret ansvarleg for å oppnemne ei festnemnd for 17.mai, gjerne berre 14d – 3v før den 17., som stod for aktivitetane den dagen og program elles. Av aktivitetar som då stod på programmet, kan nemnast kapproing for kvinner og menn, kappspringing med ulike distansar, tresteg, høgde, langbyks, stavsprang, taudraging og potetplukking (?). Idrottspogrammet for 1912 såg slik ut;

  1. Kapproing fra Grande til Kaien, starter samtidig. 1 ste kl. dei som fyr hev vunne og dei so er 20 år. 2 den kl. dei som fyr ikkje hev vunne og under 20 år.
  2. Kombinert 100 mt løp, høgde og lengdesprang.
  3. Kombinert 500 mt og hindreløp.
  4. Stavsprang.
  5. Kappløp for kvinder 150 mt.
  6. Fri idrot for gutter under 15 år.
Brigde i programmet forbeholdes..

I løpet av vinteren vart det også vanlegvis avvikla ein fest til inntekt for idrettslaget, ofte ein pakkefest der pakkane vart auksjonert bort. Desse festane vart arrangert på Union eller Geiranger. Inntekta gjekk for det meste til innkjøp av premiar og på pakkefesten i 1913 kom det inn 10.59..

Styremøta i laget vart haldne i soknestova, litt seinare også kalla kommunelokalet på Maråk. Utifrå MP les ein at aktivitetane i styret varierte   frå år til år og frå ein periode til ein annan, truleg alt etter kven som sat i styret. Men som sagt, premierennet, 17. mai og pakkefesten var årvisse..

Det å skaffe premiar til både premierennet og 17 mai går att ein del i MP. To gongar i året vart det altså delt ut premiar til ein verdi frå 40-70 kr, hovudsakleg pokalar, og det var ikkje småpengar i den tida. For å finansiere dette, vart det hyppig sendt søknader til Centralbestyrelsen for utbredelse av idrett, startkontingent eller innmeldingspengar som det heitte då,  bidrog ein del og det vart ofte gitt gåver frå gullsmedane Refsnes, Stamnes og Korn Dahl i Ålesund. Til 17 mai 1913 kom premiane på 67,85 og overskotet på arrangementet vart på kr 2,78 som vart å skjote inn i samkassa.

Frå eit referat frå eit styremøte  25 april 1908 står fylgjande på dagsetelen:.

  1. Sette turnapparata i betre stand.
  2. Val av bane til fotballspel.
  3. Melde laget inn i Norges Skiforbund.
  4. Val av festnemnd 17 mai.

Det fyrste laget gjorde etter skipinga i 1905, var å byggje turnapparat nede på Sandøyra. Clarence og   Jon skriv: Det vart tidleg sett opp eit stativ for turnapparat på Sandøyra. I dette stativet var det festa turnringar, ei klatrestang i midten og ei svingstang. Denne var festa i tau og var truleg litt uroleg av seg. Her var det også stativ for høgdehopp, som var så høge at det var å hoppe med stav. Der var også startplanke for lengde og trestegsprang. Her møttest då ungdommane om kveldane for å trene.

Fotball
Når det gjeld fotballspel, er dette ein av dei få gongane det er nemnt i MP heilt fram mot 1950. Grunnen til det er at fotballen alt frå starten hadde sitt eige lag med styre, Geiranger Fotballag.  Jfr MP fall banevalet denne gongen på markane bort mot Gjørvavikja. Men fotball var i mange år ein viktig aktivitet sommarstida og eg les meir frå C/J sitt skriv frå 1980..

Geiranger var eit av dei fyrste laga på Sunnmøre som tok til med fotball. Det er tidfesta til 1907 då Martin Fladager frå Måløy-kanten, som var gift med mor-søster til Ellend-Synnøv og Hole-Tore & co, kom heim frå Amerika og hadde der vorten ivrig fotballspelar. Han førte inn og organiserte det som seinare vart kalla Geiranger Fotballag. Alle uttrykk og reglar i spelet gjekk då på engelsk, slik som corner, halfback, goalkeeper, offside, right wing og left wing osv..

Den fyrste fotballkampen utanbygds vart spela mot Sunnylven fotballag. Kampen gjekk på Hellesylt, delvis på ein nyskoren kønnjåker. Det var ikkje mange av spelarane som hadde fotballsko. Det gjekk nok mykje på leknottar under beksaumskorne. Geiranger vann den kampen. .

Hausten 1921 var det cup-turnering i Sykkylven. Geiranger trekte då Hødd som fyrste motstandar og vann då med 4-2. Sykkylven skulle då spele mot Valldal, men dei kom ikkje. Og etter ein lite halvtime, måtte Geiranger spele mot Sykkylven. Den kampen kom sjølvsagt for tett på Hødd-kampen og det vart tap med 3-0. Spelarane ville skulde tapet på at nokre av dei beste spelarane var reist på skule og såleis ikkje var med. .

Det vart spela mange kampar i bygdene rundt her Hellesylt, Hornindal, Stranda, Valldal, Norddal, Eidsdal, Liabygda og Nordberg i Skjåk. Det gjekk nok med vekslande resultat, somme med tap og somme med vinst, men eit godt kameratskap vart det likevel av det, anten ein vann eller tapte..

Ein gong leigde laget den gamle rutebåten "MB Geiranger" til ein cup-kamp på Stranda. Båten tok med spelarar og publikum frå Geiranger og Sunnylven. 400 kr kosta det å leige båten. Det var vel på den turen Ekornes-Lars dikta visa: Norges beste vern og feste, Geiranger Fotballag. Det var då eige lag og hadde sine festar på Hotell Union og Hotell Geiranger. Eit orkester, Geiranger Filharmoniske,   på 10-12 stk med mange slags instrument og med utkledd besetning, spelte til underhaldning og dans..

Fotballdrakta var frå fyrst av grøne og raudstripa bukser og grøne trøyer med raud krage og mansjettar. Seinare vart det kvite bukser og grøn trøye. Ein gong var det kamp i Eidsdal og nokre jenter som var med på turen høyrde av ei jente som class=GramE>tilhøyrde  motparten: "Issa då, nei no var han der att, han i raudebukså og tok ballen igjen." På same turen mangla Vinje-Jon ei fotballbukse. Ei av jentene sa då at kunne han få tak i tøy så ville ho sy bukså. Tøy vart skaffa frå buda hass Litle-Tore (Tore Ytterdal) og buksa vart ferdig til kampen, som vart spela på ei lita bane ved elva framanfor Veiberg.  Når det var kamp i Eidsdal, var det som oftast å gå over fjellet, og same vegen heim att etter at kampen og festen var slutt.

Ungdomshus
Ei sak som styret engasjerte seg mykje i frå 1910-12, var bygging av eit ungdomshus. Idrettsstyret tok kontakt med andre lag i bygda som Den Kristligsinna Ungdomsforening, Afholdsforeningen og Godtæmplarforeningen. I MP står det at "Godtemplarforeiningi baade kunde og vilde vera med og byggja ungdomshus paa so liberale førmer at Skjotarlaget og Idrottslaget fann seg nøgde." For den Kristligsinna forening kunne ikkje nokon seie noko bestemt og dei fekk ein frist på mindre enn ei veke å uttale seg..

Dei vart enige, for ei nemnd vart nedsett som skulle utarbeide reglar for ungdomshuset. Den største diskusjonen gjekk på om dansen skulle vare til 1 eller 2. Vedtektene enda på kl 1, men "husstyret kan gjere undantak i særlege høve". Men så høyrer ein ingen ting om ungdomshus før idrettstyret held møta sine her på Gildetun i 1936..

Valnæmnd
Val av 17, mai-nemnd var heller ikkje like enkelt kvart år. Det fortel fylgjande referat frå MP i 1910: "So samrødde me um ordningen av 17de mai festen og spesielt um me skulde lysa til val av festnemnd likeeins i aar som dei forige aar. Styret var samde um at dette tilkom ikkje meir os enn nokon andre og kvidde sig mykje for dette, daa nokre andre tykte hava meir aa seja i saamaate, og det so oftast berre etterpå. Me fann det rettast: at den sist fungerande næmnd var   den rette til at lysa til val næste aar, difor gik me til formannen i den sidste næmndi, men han vegra seg og frabad seg dette, daa det ikkje soleis før hev vore brukt. Til sist vart me samde um at gjere vort beste til at 17 de mai vert festa, og lyse til val av festnæmnd".

Friidrett
Friidretten i laget hadde nok sitt utspring frå turnapparata nede på Sandøyra der det også vart hoppa lengde, tresteg, høgde- og stavhopp. Men dei einaste friidrettstevlingane som vart skipa til heilt fram på 30-talet, var i samband med 17. mai. I tillegg til ovanfornemnde aktivitetar, var der også springing, 100 m, 500 m, 1500 m og terrengløp.

Ikkje før i 1937 står det nemnt at Jårångarar deltok utanbygds. Under Akslaløpet i 1937 tok Jon Vinje fyrste nappet i Ivar-Aasen pokalen for beste bondegut frå Sunnmøre. Det same gjentok seg i 1938, men i 1946, 35 år gammal, kom han for seint i mål til å vinne pokalen til odel og eige.

Premierenn
Så tilbake til skiaktivitetane i laget. Som nemnt tidlegare inneheld dei årvisse premierenna disiplinane langrenn med og utan skyting, hopp- og bakkerenn. Under eit langrenn med terrengskyting 1 1913 skriv C/J:"Laget var tidleg ute med skiskyting. Det var der sagt at Ole Petter Oplenskedal gjekk eit veldig godt langrenn, så godt at han ville ikkje skyte, han meinte han var best likevel. Kor det gjekk er det ingen som veit..". Men i MP står det:"so kom det til ein nokso livlig diskusjon om styrets avgjersle angaande   O P Dahl der vart sat ut af betraktning i skirendet." Han hadde då like etter rennet fått beskjed pr brev om at han var diska. I ettertid har det kome fram at han heller ikkje var nokon storskyttar.

Bakkerenn
Bakkerenna likna mest på dagens utfor, men i mindre målestokk. Det var ikkje berre om å gjere å ha beste tida. Stilen under rennet var også viktig og talde med i utrekninga. Ein gong var det Lars Dahl, far til Jonn Dahl, som var best. Han hadde visst nok ikkje beste tida, men hadde ein fin oppreist stil under rennet, og dette gjorde utslaget til 1.pr. I bakkerenn kunne også kvinner delta og det gratis. Til dei andre disiplinane for gutar og menn, var det innmeldingspengar frå kr 0,25-0,60 dei fyrste åra.

Middag høyrde med
Det verkar som om ein prøvde å arrangere desse premierenna vekselvis i Gråsteindalen/Møllseter- og i Oplenskedal/Ørjsæterområdet. Eit år vart det også annonsert å haldast ved Djupvatnet i påska, men veret gjorde at rennet måtte flyttast.

Frå eit premierenn ute på fjella i 1910 står fylgjande å lese i MP: "Fyrst tok me langrennet, so gjek hurtig og godt føre seg og so heim att til Mølsæter kor bakkerenn og hopprenn skulle foregaa. Paa Mølsæter hadde folkjet belaga seg væl paa aa modtake baade rennaranje og dei so berre saag paa, allje måtte no inn class=GramE>og eta til middags, når so var gjort tok me ein times kvild og deretter tok me bakkerenn og til slutt hopprenn, naar det var ferdigt, vart allje innbjodne igjen og tragterte me mat og kaffi paa det likaste. Etter at have forsynt seg, begjynte mann aa tænkje paa heimvegen, i flok og fylgje bar det av sted".

Året etter då premierennet vart arrangert i Oplenskedal/Ørjasæter kunne ikkje dei vere dårlegare: "Etter bakkerennet vart alle deltakarar og tilskuarar no innbodne, summe i Oplenskedal og summe paa Ørjasæter, omtrent 100 personar, og vart trakterte med god middag. Etter hopp- og langrennet vart alle trakterte med kaffi og mat paa Ørjasæter. Omframt dette fekk alle deltakarane   i langrennet heit mjølk aa drikke daa dei kom i mål".

Dersom snøforholda tillet det, kunne  renna av og til også  leggast/avsluttast nede på Gjørva. Nils Ørjasæter fortel om det i skrivet til C/J: "Det var fellesstart frå Ørjasæter, derifrå fram til Dalssvad litt forbi Oplenskedal, og fri løype heim Varhølene, Janshølene til Flåbrua. Frå Flåbrua skulle riksvegen fylgjast til Gjærdet og derifrå ned Gjørvabakkane der det var innlagt hopp med dommarar som gav karakter for lengde og stil. Innkomsten var nede i Gjørvavikja. Noko som er uvanleg no, var at Ola-Per (militær fanejunker) stod der og tok pulsen på deltakarane etterkvart som dei kom inn, og alt dette talde med i resultatet".

Hopp
Om hoppinga frå starten av skriv C/J: "Hoppsporten var vel i grunnen ikkje nokon stor grein i laget. Grunnen var nok at her var ikkje så godt utval i hoppbakkar.   Bakkar som vart brukte til dette var for det fyrste Hjarteflåbakken like heimanfor Ørjasæter. Trur bakkerekorden der var 29 m, men då vart det hoppa heilt ned på flata. Det vart også hoppa i Flåbakken bortanfor Oplenskedal. Det var ein større bakke med hopp på 30-35 m, men den kunne ikkje brukast utan at snøen hadde drive på ein spesiell måte. Det var også hoppa i Vasshammarhola, på Flydalsæter, i Grandehaugane og ved Djupvatnet. Ein bakke framanfor Storsæterfossen var også ein del brukt til trening- der var det og hoppa framimot 30 m.

Litt utanom det vanlege var at det i 20-åra vart arrangert oppvisningsrenn ved Djupvasshytta for turistane på cruisebåten Meteor. Det var både enkelthopp, parhopp og bakkerenn for kvinner. Det var reiseførar Aune og kaptein Dreyer som fekk i stand dette. Desse to heldt   med premiar og  dekte også utgiftene GIL hadde ved arrangementa, og til eit renn sommaren 1923 kom utgiftene på 150.-. I MP står det: "Den 14 august 1923 var det so straalande ver at turistane ikkje ville forlate hoppbakken sjølv om rennet var slutt"

Martin Mølsæter fortel til C/J at han ein sommar var slåttekar hjå Årset-Ola og han fekk fri for å vere med på sommarhopprenn. Han starta då med ski på ryggen i nonstida dagen før rennet, frå Årset og gjekk til fots til Djupvasshytta. Der laga dei i stand bakken til dagen etter og dreiv hopptrening utover kvelden. Neste formiddag var det å trene på nytt, og når rennet og premieutdelinga var ferdig, var det å gå til fots same vegen heim att. Reiseførar Aune spanderte ei flaske whisky på løparane som dei sjølvsagt smakte på på heimturen, så sjølv om han hadde pokalen for lengste hopp å bere på, gjekk truleg nedturen lett likevel.

På 30-talet går det fram frå MP at interessa for hoppsporten var heller laber."Alle var einige om at ein ny hoppbakke må til for å få opp skiinteressa".

Slalom
Etter langrennet på Grandesætra i 1936, står det i MP at "det vart laga ei kort slalomløype som visstnok var den fyrste i bygda." C/J skriv: "Vi var også litt borti å renne slalom, men det vart gjort på langrennskiene. Det vart nedskrudd ein krok i skia bak skohælen. Der vart det hekta ein kraftig gummistrekk nedi og rundt hælen og vrista som heldt hælen nedåt". Under langrennet på Ørjasæter i 1938, vart det også rent slalom "og folket var svært uppglødde for den nye sporten", står det i MP. Fram mot krigen vart slalom ein fast disiplin under premierenna..

Langrenn
Når det gjeld langrenn med og utan skyting, viser det seg at frå 20-åra og utover, så vart dette meir og meir reine langrenn. Men langrennsporten sleit også litt med interessa tidleg på 30-talet. På det fyrste årsmøtet som GIL heldt på Gildetun i 1936, kom det difor forslag om at ein skulle prøve å få til årvisse skirenn mellom EIL/GIL for å få opp interessa. Ei arrangement-/festnemnd på 12 karar vart prompte oppnemnt. "Kvinnfolkhjelp skulle dei halde seg med sjølve", står det i MP. På fellesrennet i 1 1937 deltok det 24 i langrenn og 23 i slalom.

Frå 1936 og utover var nok også Gildetun med på å gi langrennsporten ein oppsving. C/J skriv: "Oppsvingen i langrennsporten kom mykje av at Åge Flydal var leiar for ein gymnastikktropp. I fleire vintrar hadde vi øving 2-3 gonger i veka på ungdomshuset, og det vart drive temmelig hardt. Det var nok 20-25 stk som var med på det. Alle var då i så god form at som lag var det vanskeleg å slå oss i langrenn".

Hugsar ei premieutdeling der formannen i Eidsdal tok til med desse orda; "I fjor var det Jårångarane som vann langrennet, men i år (pause) var det Eidsdalingane som tapte".

Eit år starta langrennet frå skulehuset på Eide. Clarence Maråk og Martinus Veiberg var tidtakarar. Då dei hadde fått løparane avstad, vart dei to tidtakarane innbedne på heimebrygg som dei sat og kosa seg med, medan vi andre streva og sleit ute i løypa. Dei vart der sitjande så lenge at det var berre på hekta dei kom seg på plass att til fyrste løpar kom i mål. Det vart nesten skandale, men gjekk bra likevel.

Det var også i den tida, 1936, at vi her tok til å lage splitkeinski, to år etter at Østbyes skifabrikk lanserte denne skia. Dei vart laga med hickory såle under og bjørk eller ask over - inni vart det lagt eit stykke av lett gran. Dette gjorde at skia vart om lag berre halvparten så tung som vanlege heilvedski. Det kan vel også leggast til at snøforholda hadde sitt å seie for skiinteressa då som no..

I 1937 var det fyrste gong det deltok folk frå GIL på eit kretsrenn. Det var Jon og Ragnvald Vinje og Ole K Ørjasæter som deltok på Tryggestad i Sunnylven. På festen om kvelden fekk dei som deltok frå Geiranger, ekstra stor fagning for den uventa gode innsatsen.

Det vart no meir og meir vanleg å delta utanbygds. Og deltakarane frå GIL gjorde det svært godt. Under eit utvida distriktsrenn på Tryggestad 2. påskedag 1940, vann Magnus Bjørdal kl B med dagens beste tid. Same mann vann også ein 30 km på Sula ikkje lenge etterpå.

I MP står det vidare: "Det skulle haldast pokalrenn den 14.april, men av ymse uventa ting, vart det ikkje noko av, det vart heller ikkje halde lagsrenn i år".

Det var altså krigen som hadde brote ut. I 1941 gjekk det meste som normalt. Men etter lagsrennet 1.påskedag, vart det ikkje delt ut premiar av den grunn at me ikkje fekk ha fest etterpå og soleis ikkje hadde pengar til premie.

Men frå 1942 vart all "friidrott og vinteridrott nedlagt som ein protest mot at NS vilde kontrollere idrotsarbeidet her i landet. Det vart likevel halde lagsrenn 1.påskedag um langrennspokalen. For elles kunde dei som hadde aksje i pokalen verte for gamle når idrotsarbeidet vart teke opp att".

GIL starta opp att aktivitetane sine etter krigen med ein fredsmarsj den 14 okt 1945. Det vart gått både på Hole og på Maråk/Grande. "110 deltok, tre-og-seksti menn og sju-og-firti kvinner".

Idrettsplass
På det fyrste årsmøtet etter krigen, den 27 okt 1945, vart tanken om ein idrettsplass teken opp att. Og i mange styrer og år framover vart dette eit tilbakvendande tema.  På ein pakkefest til inntekt for idrettsplass i 1946, kom det inn heile 1938,43kr. "Folk møtte  mannjamnt fram og det viste at interessa for å  få tili drottsplass i bygda er svært stor". Nokre mindreårige heldt basar på Steffågarden på Gjørva  nokre dagar i førevegen og fekk inn 56 kr.

Stader som vart føreslege til idrettsplass var mange, nemnast kan Gjørvavikja, Sandøyra, Gjærdet mellom Gjærde og Kopeelva, Lauvhellane, Vasshammerhola, seinare også Gjørvaøyrane og framme i Bergjet/Kopane. Banenemnder vart oppnemnde fleire gonger, men kvar gong har det stoppa på pga at grunneigarar ikkje frivillig ville avstå grunn. Kanskje er tida no moden for å ta opp att spørsmålet når stadig fleire gardsbruk blir lagt ned?.

Fotball etter krigen
Sjølv om ein ikkje hadde nokon idrettsplass, så blomstra aktivitetane no i etterkrigsåra. Geiranger Fotballklubb vart slege saman med GIL og hadde etter måten stor aktivitet, både blant senior og junior. Dei vart aldri med i nokon serie, men spelte ei 5-6 kampar kvar sommar på diverse atteleger, oftast mot Eidsdal, Norddal, Hellesylt eller Nordberg i Skjåk. Det vart sjølvsagt både tap og sigrar, flest sigrar ifylgje MP. Laget sommaren 1957 under ein kamp i Oplenskedal, såg slik ut i eit offensivt 3-2-5 system. I mål Steffen Gjørva, høgreback Leif Vinje, midtstoppar Per Gausdal, venstreback Are Homlong, midtbane Trygve Flydal og Odd Knivsflå, i angrep, høgreving Ivar Knivsflå, venstreving Ivar Maråk, indreløparar som det heitte då var Per Steinar Gjørva og Harald Bruland og midtspiss var Jarle Møll. Dommar var 17 år gamle Arild Flydal.

På 60- og 70-talet er det notert forholdsvis lite i MP, men det vart også desse åra spelt sporadiske fotballkampar.  Men frå 1981 vart eit blanda jente/gutelag med i Fjordaserien der lag frå Liabygda, Valldal, Tafjord, Norddal, Eidsdal og Geiranger deltok. Geiranger spelte då heimekampane sine i Norddal. Nokre år seinare stilte vi også nokre sesongar eit vaksenlag i ein bedriftserie for 7’ar-lag. Dette laget spelte sine heimekampar i Eidsdal på den nye grusbana der.

 I 1996 gjekk GIL til innkjøp av ein ballbinge på 13x24 m plassert på skuleplassen. Dette var den fyrste ballbingen som vart bygt mellom Bergen og Trondheim.  Den har vore mykje brukt av skulen og idrettslaget   sommar som vinter og av turistar.  Året etter, i 1997, fekk skulen ny og større gymsal og det var kjærkome.

På 90-talet var det mange born som vart med på dei aldersbestemte laga til Norddal og Eidsdal fotballklubb og mange hevda seg godt. Norddal- og Eidsdalingane meinte etter kvart at klubben burde omdøypast til N-E-G Fk og slik vart det i 2001. Dette samarbeidet har vore svært positivt for alle bygdelaga. Antal lag har variert ein del alt etter tilgangen på barn og siste sesong har ein stilt med to gutelag og eit jentelag der hovudtyngda av spelarane på to av laga,  var frå Geiranger. Største tap, 7-24, for smågutane var mot VRF i vår, medan dei slo same laget 12-0  i haust. Slå den!.

Friidrett etter krigen
Sommaridretten elles var det smått med på 50-60-talet i fylgje MP. Laget hadde nokre deltakarar på diverse bane- og terrengløp som t d. Akslaløpet. Men ein   utmerka seg absolutt meir enn andre,. Det var Lars Petter Knivsflå som vann ei 19-20 krets-og fylkesmesterskap i si karriere, samt Akslaløpet tre år på rad.

På 70-talet var laget med i ein del stafettar, både vaksne og barn, bl a to gongar deltok vi i Holmenkollstafetten. Seinare vart det både Stranda-cup og no ENG-cup med hovudvekt på terrengløp.

Det å arrangere marsjar vart starta opp på 80-talet, fyrst med årlege romjulsmarsjar, seinare også ein vår og haustmarsj. Deltakinga har vore jamnt  god med frå 50-90 deltakarar. I 1993 såg så Nibbemarsjen , seinare omdøypt til Geirangermarsjen, dagens lys. I 1994 hengde Geiranger Halvmaraton seg på dette arrangementet og i 1999 Nibberittet på sykkel som vert arrangert i samarbeid med Eidsdal IL. Denne unike løypetraseen frå fjorden til Dalsnibba som ein kan gå, springe eller sykle, har vist seg å ha stor apell også blant utlendingar.  Arrangementet som no heiter Geiranger- frå fjord til fjell, har hatt nærare 500 deltakarar på det meste og er kvart år eit stort lyft for laget. Ca 50-60 personar er kvart år med for å få arrangementet vel i hamn. Vi må heller ikkje gløyme næringslivet i bygda som har støtta arrangementet økonomisk.

Siste åra har vi også hatt deltakarar i Trondheim-Oslo og Jotunheimen Rundt på sykkel.

Ski etter krigen
Den aukande interessa for langrenn før krigen, skaut endå meir fart i etterkrigsåra og resultata let ikkje vente på seg. Det vart ikkje få kretsmesterskap, både individuelt og i stafett, og andre gode resultat dei henta heim til Geiranger. Dei fleste stafettpremiane smelta   i Palmarbud-brannen.

Jakob Kjersem skriv fylgjande om denne tida: "Jeg husker godt med ekstra glede den bomsterke skiløpergjengen fra Geiranger i etterkrigsåra, den selvskrevne leder Karl Dahl, brødregjengen Magnus, Gunnar, Halvor og Simon Bjørdal og Thorleif Westerås. Og ikke å forglemme den beste av dem alle, Martin Ørjasæter, som gjorde sensasjon i jun. NM over 10km i 1950 med en 6.pl, og senere Lars Petter Knivsflå, som jeg slo og han slo meg igjen. På denne tida var faktisk skiløperne fra Geiranger landets første proffer i lønnsklasse 0,ettersom kommunikasjonene ga små muligheter for å rekke hjem mellom helgene, slik at de "lå ute" mye av vinteren. Karl Dahl viste seg også som en dyktig slektsgransker og bodde da hos slektninger i både 3, 4 og 5 ledd." Det kan også nemnast at Gunnar Bjørdal var den fyrste frå Geiranger som deltok i eit NM. Det var på 17 km på Lillehammer i 1948.

Jakob Kjersem nemner Martin Ørjasæter sin innsats i junior NM på Røa i 1950. Korleis han sjølv opplevde dette var slik: "Speakeren ropte ut at eg var frå Geiranger på Sunnmøre og at eg dermed ikkje var skiløpar og ikkje hadde noko i NM å gjere. Dette førte i alle fall til at eg foretok "flying start" og det var kanskje med på å hjelpe meg til ei bra plassering. Dagen etterpå under hopprennet, vart eg invitert på hovudtribuna som den einaste utanom styret i Norges Skiforbund. Det skulle visst vere som oppreisning for den dommen eg fekk dagen før".

Martin fortel også om ein lang dag i 1951 og det var heilt sikkert ikkje den einaste: "Det skulle vere 30 km på Fjellsætra. Natta før rennet budde eg på Helstad i Strandadalen. Sundag morgon gjekk eg først frå Helstad ned på Stranda, buss til Fjellsætra der eg var med på 30 km. Same kvelden fylgde eg ein motorbåt frå Stranda til Eidsdal, og gjekk derifrå til Ørjasætra åleine om natta". Det vart i alle fall nærare 7 mil på Martin denne helga.

På 60-talet var rekruteringa framleis god og bl a Oddvin Westerås og   Lars Ørjasæter henta då heim KM i guteklassene til Geiranger. Oddvin heldt det gåande til langt ut på 70-talet og henta heim mange krets- og fylkesmesterskap.  Den beste prestasjonen hans er vel frå 1970 då han vart Norgesmester i skifeltskyting for eldre junior. Det bør også nemnast at dei aller fleste av desse som gjekk langrenn, også etterkvart gjekk skiskyting og skifeltskyting.

Dei siste 20 åra har det også eksistert eit samarbeid innan langrenn, ein ENG-cup mellom bygdelaga sørom Norddalsfjorden og vi er alltid velkomne i lysløypa og løypene elles ute på Løvollen. Dei siste åra har ein faktisk nesten sett fleire jårångarar enn eidsdalingar i løypene der ute. Det er vel fyrst og fremst nokre ivrige veteranar som held oppe denne statistikken der dei trenar mot Birkebeineren, Marcialonga eller Vasaloppet.

Sommaren 1953 vart det også arrangert sommarhopprenn ved Djupvasshytta for fyrste gong sidan 20-åra. Etter nokre år utvikla dette seg til det som vart heitande Skifestival  Geiranger og som Are Homlong vil   fortelje meir om litt seinare i kveld..

Lysløype
I 1970 vart ideen om ei lysløype kasta fram. Det vart mykje diskusjon i bygda om plassering av løypa. Styret kalla inn til folkemøte. Alternativa var Storrøysa, Vinje Camping, Hole og både Hole og Storrøysa. Det siste alternativet kom sikkert for å tilfredstille både sjøarane og dalarane. Det siste alternativet fekk også klart   flest røyster og løypa på Hole stod ferdig i 1971. "Den korte løypa ved Storrøysa er det førebels ikkje gjort noko med", står det i MP.

Men det har vist seg at forholda på Hole også har vore litt for ustabile, og alternativet har i mange år vore å reise ut på Løvollen i lysløypa der. I dag er vi komne så langt at vi berre ventar på at snøen skal legge seg i den nye løypetraseen ut mot Haugset. Her er det Per Westerås, habil skiløpar i over eit halvt århundre, som i ein alder av over 70 år, har vore den store pådrivaren.

Skitrekk
Nokre somrar og vintrar på slutten av 70-talet og tidleg på 80-talet, dreiv også GIL eit lite tauskitrekk ved Djupvasshytta om sommaren og på Grandesætra om vinteren. Eit større permanent skitrekk var det så planen å sette opp på Grandesætra. Dette også skapte stor diskusjon i bygda. På eit ekstraordinært årsmøte i 1982 var diskusjonen høg med mange argument både for og imot. Ein optimist avslutta innlegget sitt slik: "Viss øss ska ha den innstillinga så kan øss like gødt gå tilbake på steinalderstadiet og høgge skiene ut av skogen og bruke vidjebindingar". Avstemminga ga 21 ja og 17 nei, men skitrekk vart det ikkje likevel..

Symjing
Symjing er ein idrett som er nemnt berre tre gongar i MP. "Vi er bestemt paa i sommer at gå i gang med svømming saavel for smågutter som voksne", står det i MP i 1909. Småjenter var ikkje nemnt. Den 25 august 1946 står det i MP "at det vart skipa til prøve til svømmeknappen i Gjørvavika. Sjøen var varm og veret godt. 17 stk tok svømmeknappen". Og så er det i 1981 etter at Union opna det nye innebassenget sitt. Det har i alle fall ført til at det er ei sjeldenheit om ein elev byrjar på skulen i dag utan å kunne å symje..

Inntekter
På 60- og 70-talet var det  Skifestivalen og sommardansane som ga laget inntekter. På slutten av 70-talet avtok dette sterkt og laget måtte finne seg nye inntektskjelder. Bingoane dukka opp i desse tider og elles kan ein lese i MP om julelotteri, griselotteri, kjelotteri og sal av julenek. Den mest originale potensielle inntektskjelda er henta frå MP 29.12-81. Der står det som sak 6: "Dersom Guri Knivsflå skulle slumpe til å vinne minst 50000 i tipping, gir ho 5000 til GIL."Underskrive Guri Knivsflå. Etter det vi veit har ho enno ikkje vunne så mykje. Guri var forresten den fyrste kvinnelege leiaren i laget.

Dei siste 10-12 åra er det overskotet frå arrangementet Geiranger-frå fjord til fjell, som har gitt hovudinntektene til laget.

Avslutning
Eg har enno ikkje nemnt aktivitetar som kjelkerenning, snøballkasting, bordtennis, idrettsmerkeprøver, sykling, symjing, aerobics, fjelltrim, skileik, dansekurs, barne-, dame- og herretrim på skulen, spinning på Fjordsenteret eller klatring ved Union. Alt dette aktivitetar som laget har drive med eller framleis driv. Dette siste vart berre ei oppramsing, men i eit framtidig jubileumsskrift bør også desse aktivitetane utdjupast.

Alt i alt vitnar dette om ein allsidig og oppegåande 100-åring med ca 130 medlemmar som bør ha mange gode år framføre seg.

Andre sponsorar: