o
LogoSponsorlogoar

Reisetips

Det er tre måtar å kome seg til Geiranger på.
  • Frå Strynefjellet i aust, det mest naturlege frå Oslo og Otta. Då køyrer ein store delar av trasséen i nedoverbakke.
  • Frå vest, via ferge til Eidsdal. Enklast frå Ålesund og Trollstigen.
  • Frå sør med ferge frå Hellesylt gjennom Geirangerfjorden. Dette er kanskje den vakraste måten å kome til Geiranger på.
Fjellovergangen austover mot Strynefjellet opnar vanlegvis i slutten av mai/byrjinga av juni og er vanlegvis open når Geiranger frå fjord til fjell blir arrangert.

Den nordgåande Hurtigruten har daglege anløp (berre passasjer). Køyrer ein om Åndalsnes og Valldal får ein med seg Trollstigen på turen.

Andre sponsorar: