LogoSponsorlogoar

Geirangerfjorden - Dalsnibba laurdag 28.august 2021
Geiranger I.L. i samarbeid med Eidsdal I.L. arrangerer Geiranger frå fjord til fjell. Du kan
enten sykle, springe eller gå til topps på fjelltoppen Dalsnibba, 1500 meter over havet.

Sykle Springe
Knallhardt

57 km langt

3000 m opp, 1500 m ned.
Geiranger World Heritage Ultra
57 km ultraløp med mål på Dalsnibba!

Startliste
Hardt

21 km langt
1500 m opp
Nibberittet
Eit reindyrka motbakkeritt.


Startliste
Nibbeløpet
Norges tøffaste motbakkeløp?


Startliste
Hardt men kort

4,0 km langt
300 m opp

Nibbeløpet Mini
For unge og dei som klarer
seg med kort løype.

Startliste
Trimklasse
Nibbemarsjen og Nibberittet trim
21 km, 10 eller 5 km.
Startliste marsj 21 km og 5 km
Startliste Nibberittet Trim, 21 km og 5 km
Siste nytt Les fleire nyheiter her.
Geiranger frå fjord til fjell 2021 er utsatt til 28.august
25.april 2021
På grunn av gjeldande smittevernsreglar og usikkerhet når desse blir lempa på, har vi beslutta å flytte årets arrangement til laurdag 28.august 2021. Vi håpar at flest mulig har anledning då, og så må vi berre beklage til dei som dette ikkje passar for samt evt. ekstraarbeid for bestilling av overnatting. Når det er sagt så er det ingen garanti for at vi kan arrengere den 28.august heller, men dette vil vi ta ei endelig vurdering av innan 15.juli.

Dette medfører at;
- Alle eksisterande påmeldingar blir automatisk overført til arrangementet 28.august.
- Vi vil sjå an smittevernreglane og ta ei endelig beslutning innan 15.juli om vi kan arrangere den 28.august.

Til deg som allereie er påmeldt:
- Om du ønsker å delta og vi faktisk kan arrangere den 28.august, treng du ikkje foreta deg noko no. Du vil då få ein betalingsforpliktelse via epost ca 15.juli.
- Om ikkje ønskjer å delta den 28.august, meld deg av før 15.juli for å unngå betalingsforpliktelse.
- Om vi ikkje kan arrangere den 28.august treng du heller ikkje gjere noko. - Du som har fått overført påmelding frå 2020 vil bli kontakta via epost.

Til deg som ikkje har meldt deg på enno
- Du kan melde deg på utan betalingsforpliktelse fram til 15.juli. Dersom vi arrangerer den 28.august, vil då motta faktura ca 15.juli.
- Melder du deg på etter 15.juli betaler du som vanlig med faktura, Vipps eller kort via Eqtiming ved påmelding.

Korleis smittevernsreglar vil påvirke arrangementet må vi komme tilbake til. Vi håpar flest mulig har anledning til å bli med på Geiranger frå fjord til fjell på den andre sida av sommaren!


Vi har opna for 2021-arrangementet
16.desember 2020
Vi har opna for påmelding for 2021-arrangementet og planlegg for at det blir som 2019-arrangementet. Pga. den usikre situasjonen med COVID-19 vil påmeldinga IKKJE vere bindande fram til og med 30.april 2021. Dvs. at det er ingen betalingsforpliktelse før den datoen og du kan også melde deg av utan kostnad før den tid.

I april 2021 skal vi vurdere om vi må avlyse også 2021-arrangementet. Dersom det går som planlagt sender vi ut faktura ca 1.mai for allereie påmeldte. Alle nye påmeldte etter 30.april vil inngå ein betalingsforpliktelse (dvs. slik vi vanligvis har det). Ved avlysning oppstår sjølvsagt ingen betalingsforplitelse.

Vi håper sjølvsagt på at vi kan arrangere som før og ønsker deg velkomen tilbake til Geiranger!



#frafjordtilfjell

Twitter: @fjordtilfjell
Instagram: @frafjordtilfjell
Facebook

@frafjordtilfjell på Instagram
Andre sponsorar: